Jakob Andreas Hadland
Utvandra frå Egersund i 1887, pioner, skipsbyggar og reveoppdrettar
Jakob Andreas Hadland vart fødd 22. feb. 1868 på Hadland i Eigersund. Foreldra var Jakob Jakobsson Hadland og kona Guri Martine Olsdotter, Svanes.
Jakob Andreas vaks opp saman med syskjen på garden til foreldra på Hadland.
26.03.1887 er han oppført i kyrkjeboka som utflytta til Amerika. Han dro saman med broren Torkel som var fødd i 1865 til Bayfield i Wisconsin. Her jobba Jakob Andreas som fiskar på dei store innsjøane.
Jakob Andreas blei gift i 1892 med Nina Olson og saman fekk dei sonen John Andreas i 1893. I 1895 reiste familien vidare til Alaska og byen Ketchican like nord for grensa til Canada.
Etter vel 10 år der flytte familien videre til nordover til byen Petersburg på øya Mitkof Island. Her dreiv Jakob Andreas, «Jack», fyrst som fiskar, og skal ha hatt den fyrste bensindrivne fiskebåten i Petersburg, kalla Sport. Skroget vart bygt i Peterburg og maskinen frakta inn frå Seattle. Båten skal fortsatt finnast i Petersburg. Jack introduserte drivnot som fiskereikap i Petersburg. Seinare opererte han og som forretningsmann. Han var aktiv i fleire sider av samfunnet i Petersburg og var m.a. involvert i å bygga ein hall for den lokale avdelinga av Sons of Norway.
Jakob Andreas etablerte den første postruta med båt ut til øyene i sørlege Alaska og båten hans bar namnet «White Bear». Han dreiv også ein saloon kalla «The Dory». Han skreiv noter til sangen «The White Bear» (oppkalla etter båten hans med same navn), og det ryktes at han holdt ein levende bjørn i saloonen.
Litt info: Peterburg kjem langt opp på lista over dei mest norske byane i USA. Byen blei grunnlagt sist på 1800-talet av den norske immigranten Peter Buschman. Derav namnet Petersburg. Byen er bokstaveleg tala bygt på fiske og industriane bygt opp rundt fiskeriane. God hamn og tilgang på ferskvatn og is frå isbreane til pakking av fisk. Byen ligg nære nok til Seattle og Vancouver til at ispakka fisk kunne selgast på marknaden der som ferskfisk. Det vaks og opp ein stor hermetikkindustri som bruka laks og kveite som råstoff. Fiskeindustrien vaks, og firmaet Icicle Seafoods som grodde ut av det opphavelege Buschman Cannery blei eitt av dei største sjømatselskapa i Amerika. All aktiviteten rundt fiskeriane her trekte til seg store mengder med norske arbeidarar. Både frå Norge og frå resten av USA. I 2020 hadde byen Petersburg 3043 innbyggarar. Som ein kuriositet kan det leggast til at Egersund faktisk ligg 2 grader lengre nord enn Petersburg.
I 1907 døydde kona, Nina, på eit mentalsjukehus i Portland, Oregon. Ho hadde fått slag heime i Alaska og blei sendt sørover for behandling på The Morningside Hospital som hadde kontrakt med Alaska for behandling av pasientar derifrå. Alaska var på denne tida ikkje blitt ein stat i USA, men var eit territorium under USA. Dette betydde at Alaska mangla mange av dei institusjonane som dei hadde i statane lenger sør på vestkysten. Både Portland, Tacoma og Seattle var sentrale byar for trafikken til Alaska.
I 1930 gifta Jakob Andreas «Jack» seg på nytt, med Mary Louise «Lulu» Tann, f. Angus, (1884-1958). Dei bestemte seg for å bryta opp frå Peterburg og flytta til øya Monte Carlo Island der Jack begynte som revefarmar. Dei blei verande der ei kort stund før dei flytta vidare til ei ny øy, Keene Island. Her dreiv Jack og som revefarmar. Det var ikkje så lenge han vart verande i denne businessen. Helsa svikta og Jack og Lulu flytta tilbake til Petersburg.
Broren Torkel som var fødd i 1865 og emigrerte saman med Jakob Andreas, døydde i 1948 i Everett, like nord for Seattle. Torkel hadde og vore i Alaska og kona er oppført med namnet Sophia Maria Ladre (Lædre), frå Eigersund. Dei hadde 11 born. Torkel blei som enkemann gift med Lovise Marie Svensdotter Omdal, og frå Eigersund. Det ser ut til at dei fleste i Hadlandfamilien emigrerte til Bayfield, WI, der dei livnærte seg med fiske i Lake Superior.
Foreldra til Jakob Andreas og Torkel, Jakob og Guri Martine er begge gravlagt i Bayfield. Bayfield ligg nord i Wisconsin ved Lake Superior.
Det er Hadland-folk i Bayfield den dag i dag. Byane Superior og Duluth (MN) er dei næraste større byane. Ca. 1,5 t – 2 t frå Bayfield. For dei av oss som kjem frå familiar som har hatt tømmerhoggarar i Wisconsin, så ligg Ashland 30 min sør for Bayfield.
Turistinformasjonen like sør for Ashland har m.a. ei eiga avdeling med informasjon om fiskeriane på Lake Superior og «Dei Store Sjøane».
I FT 1940 er Jacob Andreas oppført utan yrke og inntekta var null. Han budde like ved niesa si, Mrs Gudrun Hadland Heimdal, datter av broren Torkel Hadland.
Jakob Andreas døydde i heimen til fru Heimdal, 12. august 1953. Han er gravlagt på kyrkjegarden i Petersburg i Alaska.
Fyste kona Nina, er gravlagt i Portland i Oregon og andre kona Lulu i Ashland i Wisconsin.
Jakob Andreas Hadland hadde besøkt Norge fire ganger og etterlot seg Sonen John Hadland født 1893 døde i Los Angeles, California i 1976 og dotter Katherine Nina Hadland 1917-1954. Fem barnebarn.
Kilder
Facebook Norwegian «Heritage, History and Culture», digitalarkivet, Find a Grave, Ancestry.com
November 2026
Johannes Risnes
Relaterte innlegg
-
Katastrofeskipet DS «Norge»
Dampskibsselskabet Thingvalla ble stiftet i mars 1880 og ble senere eier av DS Norge – et emigrantskip. DS «Norge» seilte fra København om Oslo og til Kristiansand. 25. juni 1904 seilte dampskipet videre fra Kristiansand på vei mot Amerika, med 795 passasjerer og 68 besetningsmedlemmer og tilnærmet full last. Av disse var 284 nordmenn.På dagtid…
-
Tragedien i Drangsdalen
I juli 2026, gjorde vi et stopp ved en rasteplassen langs E39 ved Hovsvatnet i Heskestad, hvor det står et minnesmerke over 6 ungdommer som druknet 5. oktober 1924. Fire av ungdommene var søsken. Historien pirret min nysgjerrighet og her er hva jeg har funnet ut om tragedien! Tragedien som rammet familien Drange i Drangsdalen…