Bjerkreim

Bygdelag Bjerkreimlaget ble stiftet i 1916 i Fergus Falls, Minnesota.

 
 
Bjerkreimsfana i USA er funnen

Av Peder Spødervold

Spødervold Peder: Bjerkreimsfana i USA er funnen. Artikkel hentet fra Sydvesten nr. 4, 2011. Utg. 2011.

 

Fana vart i 1921 sendt til Bjerkreimlaget i USA, som takk for pengar dei hadde samla inn til orgel i Bjerkreim Kyrkje.

Under kyrkja sitt 175 års jubileum i 2010, vart det stilt spørsmål om kor denne fana var i dag. Nyleg kom svaret på epost frå USA:

Fana er på eit lite museum i Edmore i Nord Dakota og den er veldig god stand.

Fana har eit maleri av ei kvinne og ein mann som ser på Bjerkreim kyrkja og dalen oppover. Over står det skrive Bjerkreimlaget og under maleriet står det med gullskrift Aa eg lengtar so tidt denne heimen aa sjaa. På baksida er mellom anna to hender som viser helsing over havet.

Torkel T. Fuglestad (f. 1856) som var sekretær i Bjerkreimlaget, skreiv om fana: Fanen er et vidnesbyrd om vore kjæres hjertelag mot os utvandrede sønner og døtre. Den er et mindesmerke hvorom vi kan samles og dvæle ved erindringer om de kjære kjendte trakter hvortil knytter sig saa mange minder.

 
Bjerkreimlaget

Bjerkreimlaget i USA vart stifta i 1916 i Fergus Falls i Minnesota, under eit møte i Stavanger Amt laget.

Efraim Olsen Vassbø (f. 1862) vart første formann og Torkel T Fuglestad vart sekretær/kasserar.

Laget sitt første formål var å samla inn pengar til orgel i Bjerkreim kyrkja. Orgelet var kjøpt og teke i bruk i 1914, men ennå mangla 500 kr av dei 2150 kr det kosta. Kyrkjesongar Gitle A. Birkrem ( ) oppfordra då, gjennom bladet Skandinavien i USA, utvandra Bjerkreimbuar til å samla inn pengar til å dekkja lånet han hadde teke opp. Pengane kom kort tid før Gitle døydde, og det vart så vedteke å senda ei fane tilbake som takk. Fana vart overlevert til Bjerkreimlaget 12 sin representant, Klaus L. Vinningland, i Bjerkreim kyrkje 1. pinsedag i Den vart så sendt til Elling Skjæveland i Nord Dakota. Han skulle passa på fana og visa den fram når det var stemne i Minnesota, Montana, eller Nord Dakota. Etterpå begynte Bjerkreimlaget å samla inn pengar til Gamleheim i Bjerkreim, og i 1930 var den bygd ved hjelp av innsamla pengar i USA. Denne bygningen stod i 51 år og vart då erstatta av dagens sjukeheim

 
Etterlyste fana

Etterkvart som første generasjon av utvandrarar døydde ut, blei fanene som representerte dei ymse bygdene mindre og mindre brukt, og til slutt vart dei gøymde på loft og kjellarar, og så gløymde. For nokre år sidan vart såleis ei av fanene frå Rogaland funne på eit loppemarked, og redda i siste liten. Bjerkreim Ættesogelag begynte å lura på korleis det stod til med Bjerkreimfana, og sende etterlysing gjennom Sons of Norway sitt blad Viking. Snart kom epostar frå Amerika om at kanskje Rogalandslaget der borte hadde fana, eller kanskje Vesterheim Museum i Iowa? Sistnemnde hadde fana til Helleland og Sokndal, men ikkje Bjerkreimfana. Så kom epost frå Kristine Tengesdal, ein tremenning til bjerkreimbuane Paul og Perry Tengesdal, om at fana var vel bevart på Wheatland Manor, eit lite museum i Edmore i Nord Dakota. Ho sende til og med bilete av den flotte Bjerkreimfana, og kunne fortelja at fana vart funnen for fleire år sidan på låven på garden til Elling Skjæveland, som var faneberar i alle år, og som og er grandonkel til Odd Vikeså som i dag bur på Skjævelandgarden der Elling vaks opp.

Eit bilete frå årleg stemne i Bjerkreimlaget i Grand Forks, Nord Dakota i Fotograf ukjend.

Bak frå venstre:

Leo Birk (son til Ingebret), Arnold Johnson (son til Tollef J. Sundvor), Ingebret Birk frå Byrkjedal (mor hans var frå Ivesdal), kanskje Torkel Torkelson Fuglestad, Elling Svaleson Eikeland, ukjendt (bak fana), Elling Salveson Skjæveland, Tønnes Enevaldson Ivesdal, Jørgen Jensson Tengesdal og fem brør Torkelson frå Lauperak (Hans, Carl, Lars, Tron og Martin). Heilt til høgre Melvin Johnson (bror til Arnold)

Midtre rekkje:

Lars Tønneson Vinningland frå Eigersund (faren var frå Bjerkreim), Lars Tollefson Ivesdal, Møller Hansson Asheim, Johannes Tollefson Ivesdal, Reinhart Salveson Ivesdal, Efraim Hansson Holmen, Lisa Antonsdotter Birk f. Kydland og ukjendt.

Framme: Ukjendt, Olaf Gunderson Fjellstad, Berta Fjellstad f. Vassbø (dotter til Efraim Olsen Vassbø), ukjendt, Myrtle og Alice Larsdtr Ivesdal, ukjendt, Serina Larsdotter Årrestad f. Tengesdal med sonen Selmar, kanskje Abigael Anbjørnsdtr Fuglestad f. Osland og kona til Mandius T. Vaule (Auseholen, vaks opp på Versland)

Fanen er nevnt i brev fra Berthel L Bellesen til Stavanger Aftenblad som forteller om Stavangerlaget stevne i Willmar, MN i august 1922

Bjerkreim-fanen blev bragt from og folk fra de vakre bygder i Bjerkreim og Helleland kom frem og samlet sig rundt fanen. Sakfører Thore Benson fra Chicago talte i begge sprog og mindet om hjemmet de hadde forlatt.